1. Alle statsborgarar i ein EØS-stat skal, utan omsyn til bustad, ha rett til å ta og utøve lønna arbeid på territoriet til ein annan EØS-stat i samsvar med føresegnene i dei lovene og forskriftene som gjeld for arbeidstakarar som er statsborgarar i denne staten.2. Dei skal særleg ha den same prioriteten til ledige stillingar på territoriet til ein annan EØS-stat som statsborgarane i denne staten har.
Alle statsborgarar i ein EØS-stat og alle arbeidsgjevarar som utøver verksemda si på territoriet til ein EØS-stat, kan utveksle søknader og tilbod om arbeid, og inngå og oppfylle arbeidsavtaler i samsvar med gjeldande føresegner i lover og forskrifter, så framt dette ikkje inneber forskjellsbehandling.
1. I medhald av denne forordninga skal lover, forskrifter eller administrativ praksis i ein EØS-stat ikkje nyttast når deia. for utanlandske statsborgarar avgrensar eller set vilkår som ikkje gjeld for innanlandske statsborgarar, for tilbod og søknad om arbeid og tilgang til og utøving av arbeid, ellerb. utan å stille vilkår om nasjonalitet, utelukkande eller hovudsakleg har som føremål eller verknad å utelukke statsborgarar i andre EØS-statar frå ledige stillingar.Denne føresegna gjeld ikkje for vilkår om språkkunnskapar som er naudsynte på grunn av arten av det arbeidet som den ledige stillinga inneber.2. Dei føresegnene og den praksisen som er nemnde i nr. 1 bokstav a), omfattar særleg slike som i ein EØS-stata. fastset ein særleg og ufråvikeleg framgangsmåte ved tilsetjing av utanlandske statsborgarar,b. avgrensar kunngjeringa av ledige stillingar gjennom pressa eller på annan måte, eller set andre vilkår for kunngjeringa enn dei som gjeld for arbeidsgjevarar som utøver verksemda si på territoriet til denne staten,c. set vilkår om registrering hjå arbeidskontor for tilgang til arbeid, eller hindrar individuell rekruttering av personar som ikkje er busette på territoriet til denne staten.
1. Føresegner som er fastsette ved lov eller forskrift i EØS-statane, og som i tal eller prosent avgrensar sysselsetjinga av utanlandske statsborgarar i eit einskilt føretak, ei einskild næring, ein einskild region eller på nasjonalt plan, skal ikkje nyttast på statsborgarar frå dei andre EØS-statane.2. Når det i ein EØS-stat vert sett som vilkår at ein viss prosentdel innanlandske arbeidstakarar skal tilsetjast for at eit føretak skal få føremoner, skal statsborgarar frå dei andre EØS-statane reknast som innanlandske arbeidstakarar, med atterhald for føresegnene i europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF av 7. september 2005 om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner.5
Ein statsborgar i ein EØS-stat som søkjer arbeid på territoriet til ein annan EØS-stat, skal få den same hjelpa der som den som arbeidskontora i denne staten gjev sine eigne statsborgarar som søkjer arbeid.
1. Tilsetjing av ein statsborgar i éin EØS-stat i ein stilling i ein annan EØS-stat, skal ikkje på grunnlag av nasjonalitet vere avhengig av helsemessige, yrkesmessige eller andre krav som skil seg frå dei som vert nytta på statsborgarar i den andre EØS-staten som ønskjer å utøve den same verksemda.2. Ein statsborgar som har fått eit personleg tilbod om arbeid frå ein arbeidsgjevar i ein annan EØS-stat enn den han er statsborgar i, kan måtte utføre ei prøve på faglege kvalifikasjonar dersom arbeidsgjevaren uttrykkeleg har bede om dette då han gav tilbodet.
1. Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein EØS-stat, kan ikkje på grunn av statsborgarskapet sitt handsamast annleis på territoriet til ein annan EØS-stat enn innanlandske arbeidstakarar når det gjeld tilsetjings- og arbeidsvilkår, særleg med omsyn til lønn og oppseiing, og, dersom arbeidstakaren er vorten arbeidsledig, til å verte teken inn att eller få ny tilsetjing.2. Arbeidstakaren skal nyte godt av dei same sosiale og skattemessige føremonene som innanlandske arbeidstakarar.3. Arbeidstakaren skal òg ha tilgang til opplæring ved yrkesfaglege skular og omskoleringsenter med dei same rettane og på dei same vilkåra som innanlandske arbeidstakarar.4. Alle føresegner i tariffavtaler og andre kollektive avtaler og i individuelle arbeidsavtaler om tilgang til arbeid, lønn og andre arbeids- eller oppseiingsvilkår, skal vere ugyldige i den grad dei fastset eller tillèt vilkår som inneber forskjellsbehandling for arbeidstakarar som er statsborgarar i andre medlemsstatar.
Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein EØS-stat og er sysselsett på territoriet til ein annan EØS-stat, skal ha krav på lik behandling når det gjeld medlemskap i fagforeiningar og utøving av fagforeiningsrettar, medrekna røysterett og retten til å kunne ta på seg administrative eller leiande stillingar i ei fagforeining. Arbeidstakaren kan utelukkast frå deltaking i leiinga av offentlegrettslege organ og frå utøving av eit offentleg verv. Han eller ho skal vidare kunne veljast til organ som representerer arbeidstakarane i føretaket.Det første leddet i denne artikkelen skal ikkje røre ved dei lovene og forskriftene som i visse
Når ein statsborgar i ein EØS-stat arbeider eller har arbeidd på territoriet til ein annan EØS-stat, skal borna hans/hennar ha tilgang til allmennutdanning og lærling- og yrkesfagleg opplæring på dei same vilkåra som statsborgarar i denne staten, dersom borna er busette på territoriet til denne staten.EØS-statane skal oppmuntre til alle tiltak som tek sikte på at desse borna skal kunne ta del i undervisninga på best moglege vilkår.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.
1. Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein EØS-stat, og som er tilsett på territoriet til ein annan EØS-stat, skal ha dei same rettane og føremonene som innanlandske arbeidstakarar når det gjeld bustad, medrekna eigedomsrett til den bustaden som han eller ho treng.2. Ein arbeidstakar som er nemnd i nr. 1, kan med dei same rettane som innanlandske statsborgarar skrive seg på lister over bustadsøkjarar i regionen der han eller ho er tilsett, der det vert ført slike lister, og såleis nyte godt av dei føremonene og prioriteringane som følgjer av dette.Dersom familien til arbeidstakaren er vorten buande i heimstaten, skal familiemedlemmene reknast som busette i den nemnde regionen, i den grad tilsvarande gjeld for innanlandske arbeidstakarar.