§ 7Politiattest#
Den som blir tilsett eller får tildelt oppgåver som inneber kontakt med brukarar av eit krisesenter eller tilsvarande bu- og dagtilbod, skal leggje fram politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.Departementet kan gje nærare forskrift om krav til politiattest.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.