(1) Foretaket skal ha eit styre med minst tre medlemmar, dersom ikkje vedtektene seier at det skal vere to. Berre myndige personar kan vere styremedlemmar.(2) Styret skal velje styreleiaren om ikkje årsmøtet har gjort det, eller om det ikkje er gjort av eit vedtektsfesta foretaksorgan som etter vedtektene har mynde til å velje styreleiaren.
(1) Foretaket skal ha ein dagleg leiar om ikkje vedtektene seier noko anna.(2) Styret skal tilsetje dagleg leiar dersom ikkje vedtektene seier at eit anna vedtektsfesta organ skal gjere det.
(1) Medlemmane av styret blir valde av årsmøtet, som også avgjer om det skal veljast varamedlemmar. Har styret to medlemmar, skal det veljast minst ein varamedlem.(2) Første ledd gjeld ikkje styremedlemmar som dei tilsette i foretaket skal velje etter § 67.(3) Vedtektene kan fastsetje at andre enn årsmøtet skal ha valretten etter første ledd. Årsmøtet skal likevel velje meir enn halvparten av styremedlemmane, om ikkje valretten blir overført til eit vedtektsfesta foretaksorgan. Valrett kan ikkje overførast til styret eller til ein styremedlem.
(1) I foretak med fleire enn 30 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør med varamedlemmar skal veljast av og mellom dei tilsette.(2) I foretak med fleire enn 50 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at opp til ein tredel og minst to av styremedlemmane med varamedlemmar skal veljast av og mellom dei tilsette.(3) I foretak med fleire enn 200 tilsette skal dei tilsette velje ein styremedlem med varamedlem eller to observatørar med varamedlemmar i tillegg til den representasjonen som følgjer av andre ledd.(4) Forskrifter etter aksjelova § 6-4 fjerde ledd gjeld tilsvarande for val etter paragrafen her så langt dei høver.
§ 68Rett for tilsette til å velje styremedlemmar i konsern og føderative samvirke#
(1) Når eit foretak høyrer til eit konsern, kan konsernet og eit fleirtal av dei tilsette, eller konsernet og ein eller fleire lokale fagforeiningar som omfattar eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, inngå skriftleg avtale om at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket.(2) Når eit foretak tilhøyrer eit konsern, og det ikkje føreligg ei avtale etter første ledd, kan Kongen etter søknad frå konsernet, eit fleirtal av dei tilsette eller ein eller fleire lokale fagforeiningar som omfattar eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, fastsetje at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket.(3) Første og andre ledd gjeld tilsvarande når eit foretak tilhøyrer ei gruppe av foretak som er knytt saman gjennom eigarinteresser eller sams leiing, medrekna føderativt samvirke.(4) Kongen kan fastsetje at paragrafen her berre skal gjelde for delar av eit konsern, eit føderativt samvirke eller ei anna gruppe som nemnd i tredje ledd.
(1) Føresegnene i denne paragrafen gjeld for samvirkeforetak som på balansedagen for årsrekneskapen anten har:1. samla driftsinntekter og finansinntekter på meir enn 50 millionar kroner,2. fleire enn 30 tilsette, som skal reknast likt som etter § 67, eller3. meir enn 500 medlemmar.(2) Har styret tre eller fleire medlemmar, skal kjønnssamansetjinga i styret oppfylle følgjande krav:1. Har styret tre eller fire medlemmar, kan maksimalt to styremedlemmar ha same kjønn.2. Har styret fem eller seks medlemmar, kan maksimalt tre styremedlemmar ha same kjønn.3. Har styret sju medlemmar, kan maksimalt fire styremedlemmar ha same kjønn.4. Har styret åtte medlemmar, kan maksimalt fem styremedlemmar ha same kjønn.5. Har styret ni eller fleire medlemmar, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmane ha same kjønn.(3) Andre ledd gjeld tilsvarande for varamedlemmar.(4) Får eit foretak plikt til å oppfylle krava til kjønnssamansetjing, skal styret seinast ein månad etter første etterfølgjande ordinære årsmøte oppfylle krava til kjønnssamansetjing etter andre og tredje ledd.(5) For styremedlemmar som dei tilsette skal velje etter § 67, gjeld krava til kjønnssamansetjing i § 69 a.(6) Departementet kan gi forskrift med nærmare reglar om kva som skal reknast som driftsinntekter og finansinntekter etter første ledd nr. 1.
§ 69 aKrav til kjønnssamansetjing for styremedlemmar valde av og mellom dei tilsette#
(1) Dersom det skal veljast to eller fleire styremedlemmar av og mellom dei tilsette etter § 67, kan ikkje alle desse styremedlemmane ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmar. Første og andre punktum gjeld ikkje dersom meir enn 80 prosent av det samla talet på dei tilsette i laget, har same kjønn.(2) I foretak med fleire enn 200 tilsette, skal kjønnssamansetjinga blant styremedlemmar som veljast av og mellom dei tilsette etter § 67, oppfylle krava i § 69 andre og tredje ledd, likevel slik at om det blir valt to styremedlemmar etter § 67, kan ikkje desse ha same kjønn. Talet på tilsette skal reknast likt som etter § 67.
(1) Styremedlemmar gjer teneste i to år. I vedtektene kan tenestetida setjast kortare eller lengre, men ikkje til meir enn fire år. Kortare tenestetid kan fastsetjast ved suppleringsval.(2) Tenestetida skal reknast frå valet om ikkje anna er fastsett. Den varer ut det ordinære årsmøtet det året tenestetida er slutt.(3) Sjølv om tenestetida er slutt, har styremedlemmen rett til å bli ståande i vervet til ein ny medlem er valt.(4) Første og andre ledd gjeld ikkje ein styremedlem som er valt etter § 67, jf. § 68.
(1) Ein styremedlem har rett til å gå av før tenestetida er slutt dersom det er særleg grunn til det. Styret og den som har valt styremedlemmen, skal ha rimeleg førehandsvarsel.(2) Ein styremedlem kan avsetjast av den som har valt styremedlemmen. Det gjeld ikkje ein styremedlem som er valt etter § 67, jf. § 68.
(1) Fell vervet for ein styremedlem bort før tenestetida er slutt, og det ikkje finst varamedlem, skal resten av styret syte for val av ny styremedlem for resten av tenestetida. Det same gjeld dersom ein styremedlem blir fråteken rettsleg handleevne eller blir sett i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143.(2) Høyrer valet under årsmøtet, kan det vente til neste ordinære årsmøte dersom styret framleis er vedtaksført.
Eventuell godtgjersle til styremedlemmar, varamedlemmar og observatørar skal fastsetjast av årsmøtet. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.
Dagleg leiar og minst halvdelen av styremedlemmane skal vere busette i ein EØS-stat, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland eller Konføderasjonen Sveits. Departementet kan ved enkeltvedtak gjere unntak frå første punktum.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.