(1) Laget skal ha eit styre med minst tre medlemmer. Berre myndige personar kan vere styremedlemmer.(2) Styret skal velje styreleiaren om ikkje generalforsamlinga har gjort det. Dagleg leiar kan ikkje vere styreleiar.
(1) Generalforsamlinga skal velje styremedlemmene. Det skal veljast minst ein varamedlem.(2) Første ledd gjeld ikkje styremedlemmer som dei tilsette i laget skal velje etter § 6-4.(3) Det kan fastsetjast i vedtektene at valretten for generalforsamlinga etter første ledd skal overførast til andre. Meir enn halvparten av styremedlemmene skal likevel veljast av generalforsamlinga, om ikkje valretten blir overført til eit vedtektsfesta lagsorgan. Valrett kan ikkje overførast til styret eller til ein styremedlem.
§ 6-4Rett for tilsette til å velje styremedlemmer#
(1) I lag med fleire enn tretti tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør med varamedlemmer skal veljast av og mellom dei tilsette.(2) I lag med fleire enn femti tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at opp til ein tredjedel og minst to av styremedlemmene med varamedlemmer skal veljast av og mellom dei tilsette.(3) Forskrifter etter aksjeloven § 6-4 fjerde ledd gjeld tilsvarande for val etter paragrafen her så langt dei passar.
(1) Føresegnene i denne paragrafen gjeld for bustadbyggjelag som på balansedagen for årsrekneskapen anten har:1. samla driftsinntekter og finansinntekter på meir enn 50 millionar kroner,2. fleire enn 30 tilsette, som skal reknast likt som etter § 6-4, eller3. meir enn 500 andelseigarar.(2) Kjønnssamansetjinga i styret skal oppfylle følgjande krav:1. Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn.2. Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn.3. Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn.4. Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn.5. Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.(3) Andre ledd gjeld tilsvarande for varamedlemmer.(4) Får eit lag plikt til å oppfylle krava til kjønnssamansetjing, skal styret seinast ein månad etter første etterfølgjande ordinære generalforsamling oppfylle krava til kjønnssamansetjing etter andre og tredje ledd.(5) For styremedlemmer som dei tilsette skal velje etter § 6-4, gjeld krava til kjønnssamansetjing i § 6-4 b.(6) Departementet kan i forskrift gi føresegner om kva som skal reknast som driftsinntekter og finansinntekter etter første ledd nr. 1.
§ 6-4 bKrav til kjønnssamansetjing for styremedlemmer valde av og blant dei tilsette#
(1) Dersom det skal veljast to eller fleire styremedlemmer etter § 6-4, kan ikkje alle desse styremedlemmene ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmer. Første og andre punktum gjeld ikkje dersom meir enn 80 prosent av det samla talet på dei tilsette i laget på det tidspunktet valet skjer, har same kjønn.(2) For lag med fleire enn 200 tilsette, skal kjønnssamansetjinga blant styremedlemmer som skal veljast av dei tilsette etter § 6-4, oppfylle krava i § 6-4 a andre og tredje ledd, likevel slik at om det blir valt to styremedlemmer etter § 6-4, kan ikkje desse ha same kjønn. Talet på tilsette skal reknast likt som etter § 6-4.
(1) Styremedlemmene gjer teneste i to år. I vedtektene kan tenestetida setjast kortare eller lengre, men ikkje til meir enn fire år. Kortare tenestetid kan fastsetjast ved suppleringsval.(2) Tenestetida skal reknast frå valet om ikkje anna er fastsett, og varer ut den ordinære generalforsamlinga det året da tenestetida er slutt.(3) Sjølv om tenestetida er slutt, har styremedlemmen rett til å bli ståande i vervet til ny styremedlem er vald.(4) Første og andre leddet gjeld ikkje styremedlem som er vald etter § 6-4.
§ 6-6Avgang og avsetjing før tenestetida er slutt#
(1) Ein styremedlem har rett til å gå av før tenestetida er slutt dersom det er særleg grunn til det. Styret og det organ som har valt styremedlemmen, skal ha rimeleg førehandsvarsel.(2) Ein styremedlem kan avsetjast av det organ som har valt styremedlemmen. Det gjeld ikkje ein styremedlem som er vald etter § 6-4.
(1) Fell vervet for ein styremedlem bort før tenestetida er slutt, og det ikkje finst varamedlem, skal resten av styret syte for val av ny styremedlem for resten av tenestetida. Det same gjeld dersom ein styremedlem blir fråteken rettsleg handleevne eller blir sett i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143.(2) Høyrer valet under generalforsamlinga, kan det vente til neste ordinære generalforsamling dersom styret framleis er vedtaksført.
Eventuell godtgjersle til styremedlemmer og observatørar skal fastsetjast av generalforsamlinga. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.