Contents
- § 1 Denne lova gjeld utpeiking av og verksemda til tekniske ko…1 change
- § 2 Departementet kan etter søknad peike ut eit organ som tekn…
- § 3 Departementet kan påleggje tekniske kontrollorgan å utarbe…
- § 4 Dersom eit teknisk kontrollorgan ikkje lenger oppfyller kr…
- § 5 Forvaltningslova kapittel II til VI gjeld for samsvarsvurd…
- § 6 Ei samsvarsvurdering som er gitt av eit teknisk kontrollor…1 change
- § 7 Departementet kan ved forskrift gi nærmare reglar til gjen…
- § 8 Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelda.1
§ 1#
Denne lova gjeld utpeiking av og verksemda til tekniske kontrollorgan som driv samsvarsvurderingar etter reglar som er gitt til gjennomføring av EØS-avtalen, og reglar gitt av land Noreg har inngått avtale med om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar.Med samsvarsvurdering meiner ein avgjerd av om eit produkt oppfyller dei tekniske krava o.a. som er stilt i regelverket som nemnt i fyrste leddet.Med tekniske kontrollorgan meiner ein føretak, offentlege organ o.a. som gjennom utpeiking som nemnt i § 2 har rett til å drive samsvarsvurdering av produkt som andre har utvikla.
§ 2#
Departementet kan etter søknad peike ut eit organ som teknisk kontrollorgan dersom organet kan dokumentere at det oppfyller dei krava som er stilt på det aktuelle området i regelverket som nemnt i § 1.Departementet kan setje vilkår for utpeikinga.
§ 3#
Departementet kan påleggje tekniske kontrollorgan å utarbeide rapportar om arbeidet sitt til departementet, og få fram annan dokumentasjon som departementet finn naudsynt for å kontrollere verksemda.
§ 4#
Dersom eit teknisk kontrollorgan ikkje lenger oppfyller krava som er nemnde i § 2, eller på annan måte opptrer i strid med regelverket, kan departementet gje pålegg om retting innan ein nærmare fastsett frist eller trekkje tilbake utpeikinga.
§ 5#
Forvaltningslova kapittel II til VI gjeld for samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer. Organa kan likevel ta vanleg betaling for samsvarsvurderingane.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.