§ 13-4Fysiske inngrep for å avverje skade m.m.#
Tilsette i skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein eleva. krenkjer ein person fysisk eller psykisk eller utsett seg sjølv for fysisk fareb. skader eigedomc. viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølvd. vesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevarDet fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.