§ 8Dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død#
Om ein person er forsvunnen under slike omstende at det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død, kan tingretten straks treffe avgjerd om at personen skal reknast for å vere død.Krav om avgjerd etter første ledd kan setjast fram av ektemaken, sambuaren, arvingen eller andre som kan vise til at dei verkeleg treng ei slik avgjerd. Kravet skal setjast fram skriftleg.Retten treff avgjerda etter første ledd ved orskurd. Reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver.Reglane i første til tredje ledd gjeld òg når ein person har døydd i utlandet, og det ikkje kan skaffast dokumentasjon på dødsfallet som norske styresmakter godtek for å registrere dødsfallet i Folkeregisteret. Reglane elles i denne lova gjeld tilsvarande for slike saker så langt dei høver.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.