Jordskifteretten skal ha ein jordskifterettsleiar som òg er jordskiftedommar, og så mange jordskiftedommarar som til kvar tid er bestemt.Jordskifteretten skal ha teknisk personale. For teknisk personale gjeld reglane i kapittel 6 i domstolloven så langt dei høver. Domstoladministrasjonen kan skipe ei eiga eining med faglege og tekniske støttefunksjonar for jordskifterettane. Eininga kan anten vere sjølvstendig eller vere knytt til ein domstol.Jordskifteretten kan ha minst ein jordskiftedommarfullmektig som kan utføre oppgåver på vegner av jordskiftedommaren. Domstoladministrasjonen kan gi forskrift om kva for myndigheit dommarfullmektigen skal ha, og kven som kan gi slik myndigheit til dommarfullmektigen.Domstolloven § 19 andre ledd gjeld ved tilkalling av jordskiftedommarar.
Jordskiftelagdommarar, jordskiftedommarar og jordskiftedommarfullmektigar må ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet.
I kvart jordskiftesokn skal det vere eit særskilt utval av jordskiftemeddommarar. Medlemmene i utvalet skal vere kunnige i saker som jordskifteretten i jordskiftesoknet til vanleg har. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange jordskiftemeddommarar som skal utpeikast, slik at ein kan rekne med at kvart medlem kan gjere teneste i ei sak i valperioden.Utvalet skal utpeikast etter reglane i domstolloven om val av meddommarar. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange det skal vere i utvalet for kvar kommune. Alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst éin medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Meddommarar og skjønnsmedlemmer er ikkje fritekne for val til utvalet av jordskiftemeddommarar.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.