§ 10-9(Lovbrotsgebyr)#
Departementet kan påleggje gebyr etter forvaltningsloven § 44 for den som forsettleg eller aktlaust bryt1. § 3-1, § 3-2, § 5-1, § 6-1, § 8-1 fyrste ledd eller § 10-42. pålegg etter § 10-53. brot på konsesjon eller vedtak gjevne i medhald av § 3-4, § 7-1, § 8-1 andre ledd, § 10-2 eller § 10-34. forskrift, når det i forskrifta er særskilt bestemt at brot kan føre til lovbrotsgebyr.Ved avgjerd av om gebyr skal påleggjast og ved individuell utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på momenta nemnde i forvaltningsloven § 44 tredje ledd og om det er gjentaking. Det skal òg takast omsyn til om det er gjort vedtak om inndraging av utbyte frå det same lovbrotet.Når eit brot på føresegn nemnd i fyrste ledd er gjort av nokon som har handla på vegner av eit føretak, kan lovbrotsgebyr påleggjast føretaket etter forvaltningsloven § 44, jf. § 46.Departementet kan gi forskrift om utmåling av lovbrotsgebyr.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.