§ 7Forvaltningsprinsipp og grunnleggjande omsyn#
Departementet skal vurdere kva slags forvaltningstiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane.Ved forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet skal det leggjast vekt påa. ei føre-var-tilnærming i tråd med internasjonale avtalar og retningslinjerb. ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn til leveområde og biologisk mangfaldc. ein effektiv kontroll med hausting og anna utnytting av ressursaned. ei formålstenleg fordeling av ressursane, som mellom anna kan medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunnae. ei optimal utnytting av ressursane som er tilpassa marin verdiskaping, marknad og industrif. at haustingsmetodar og reiskapsbruk tek omsyn til behovet for å redusere moglege negative verknader på levande marine ressursarg. at forvaltningstiltak er med og sikrar det materielle grunnlaget for samisk kultur.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.