§ 48Kontrolloppgåvene til salslaga#
Fiskesalslag etter fiskesalslagslova skal kontrollere at føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova vert følgde. Kontrollen skal avgrensast til opplysningar som naturleg følgjer av salslaget si verksemd etter fiskesalslagslova, særleg kontroll med at fangstuttak og landa fangst er i samsvar med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova her. Departementet kan påleggje salsorganisasjonane å kontrollere opplysningar om fangstar som ikkje kjem inn under den retten salslaget har til førstehandsomsetning.Ved gjennomføring av kontrollen kan salslaget krevje uhindra tilgang til haustings- eller transportfartøy og til kontora, lagera og produksjonsanlegga til kjøparen eller mottakaren. Det same gjeld når fangst vert overført frå eller til steng eller merd. I denne samanhengen kan salslaget krevje uhindra tilgang til fangstdagbok, landingsjournal, setlar og rekneskapar. Departementet kan i forskrift stille krav til korleis salslaget organiserer kontrollverksemda.Dei som vert kontrollerte, har plikt til å samarbeide ved kontrollen.Departementet kan fastsetje forskrift om gjennomføring av kontroll som er nemnd i denne paragrafen, og om rapporterings- og kontrollrutinar.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.