§ 22Sports- og rekreasjonsfiske#
Når det vert hausta med fartøy som ikkje er merkeregistrerte eller fiska frå land, kan det ikkje nyttast andre reiskapar ennDesse reiskapsavgrensingane gjeld også når same person eller dei same personane nyttar fleire fartøy.a. handsnøre, fiskestong og liknande handreiskaparb. éi maskindriven jukse eller dorgc. garn med samla lengd på inntil 210 meterd. liner med inntil 300 onglare. inntil 20 teiner eller ruser.Desse reiskapsavgrensingane gjeld også når same person eller dei same personane nyttar fleire fartøy.Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for bruk av landnot. Departementet kan også gjere unntak frå føresegnene i første ledd i særskilte tilfelle der det er nødvendig for å fremme kystkulturformål.Departementet kan i forskrift fastsetje kvantumsavgrensingar, strengare reiskapsavgrensingar eller forbod mot hausting i nærare bestemte område når det er nødvendig av omsyn til ressursforvaltninga.Den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar i medhald av lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst § 5, kan utan omsyn til reglane i første ledd berre drive sportsfiske med handreiskapar. Det er forbode å omsetje fangsten. Departementet kan i forskrift gjere unntak frå første og andre punktum for jakt på kystsel.Departementet kan i forskrift påleggje den som eig eller driv anlegg eller verksemd for sports- og rekreasjonsfiske, eller som for næringsformål legg til rette for slikt fiske, å gje opplysningar til styresmaktene om haustinga. For statistikkformål kan departementet i forskrift også påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske, å gje opplysningar om haustinga. Departementet kan i forskrift fastsetje krav til registrering for å drive verksemd som nemnd i første punktum og gje nærare føresegner om vilkår for slik registrering. Departementet kan i forskrift gje føresegner om at retten til å vere registrert kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra.Utan omsyn til reiskapsavgrensingane i første ledd, kan departementet i forskrift fastsetje at det kan drivast jakt på kystsel frå land og med fartøy som ikkje er merkeregistrerte. Det kan fastsetjast nærare føresegner om slik jakt.Føresegnene i fjerde og sjette ledd gjeld ikkje på Svalbard eller i fiskevernsona og territorialfarvatnet ved Svalbard.Dei andre føresegnene i eller fastsette i medhald av lova gjeld så langt dei høver.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.