§ 2#
Departementet kan krevje gebyr frå føretak for brot på lova dersom nokon som har handla på vegner av føretaket har brote føresegner gitt med heimel i denne lova. Gebyret for brot kan ikkje overstige 10 millionar kroner per vedtak. Endeleg vedtak om gebyr for brot er tvangsgrunnlag for utlegg. Dersom føretaket går til søksmål mot staten for å prøve vedtaket, kan retten prøve alle sider ved saka.Departementet kan gi forskrift med nærare reglar om fastsetjing og gjennomføring av vedtak om gebyr for brot. Forskrifta kan innehalde reglar om oppfyllingsfrist for vedtak om gebyr for brot, rente og tilleggsgebyr dersom gebyret ikkje vert betalt ved forfall, og i særlege tilfelle høve til å avstå frå å krevje inn pålagde gebyr.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.