Formålet med lova er å garantere ei minste samla inntekt for personar som har fylt 67 år og uføre flyktningar med låge eller ingen ytingar frå folketrygda på grunn av kort butid i Noreg.
Med flyktning meiner ein i lova her ein person som har opphaldsløyve etter utlendingslova § 28. Med ufør flyktning meiner ein i lova her ein flyktning som ikkje har fylt 67 år og som fyller vilkåra i folketrygdlova §§ 12-4 til 12-7.Med grunnbeløpet meiner ein i lova her grunnbeløpet etter folketrygdlova § 1-4.Med garantipensjonsnivå meiner ein i lova her satsene etter folketrygdlova § 20-9.Med ektemake meiner ein i lova her personar som er gifte etter ekteskapslova og som bur saman i eitt hushald, personar som bur saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre, og registrerte partnarar som bur saman i eitt hushald.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.