§ 22Generelt om føring av matrikkelen#
Kommunen skal behandle krav om matrikkelføring utan unødig opphald. Krav om matrikkelføring som ikkje tilfredsstiller vilkåra etter denne lova, skal avvisast. Avvisinga skal vere skriftleg og grunngitt. Dersom kravet har mindre manglar, kan kommunen likevel utføre matrikkelføring. Kommunen skal setje ein frist for å rette mangelen.Kommunen skal også føre inn opplysningar frå saker for dei ordinære domstolane, jordskifteretten eller tilsvarande særdomstol. Føresegnene i første ledd gjeld så langt dei passar også for matrikkelføring av slike opplysningar.Offentlege organ skal føre opplysningar i matrikkelen når det er bestemt i lov eller forskrift. Offentlege organ kan føre opplysningar i matrikkelen etter avtale med sentral matrikkelstyresmakt. Sentral matrikkelstyresmakt kan få utlevert frå Folkeregisteret og andre administrative register opplysningar som skal brukast i matrikkelen, utan hinder av teieplikt. Kommunen og sentral matrikkelstyresmakt kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret når det er nødvendig for å løyse oppgåver etter lova her.Føring av opplysningar i matrikkelen kan berre utførast av person som er godkjend av sentral matrikkelstyresmakt.Personvernforordningen artikkel 13 og 14 gjeld ikkje for føring av matrikkelen.Opplysningar som er graderte etter sikkerhetsloven, skal førast i eit gradert register.Departementet kan gi forskrift og fatte enkeltvedtak eller avgjerd om føring av matrikkelen og gi forskrift om organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver, til dømes om informasjon til heimelshavarar eller andre saka vedkjem, om tidsfristar, rapportering, kvalitetssikring og oppbevaring av matrikkelopplysningar og om godkjenning av personar som skal føre opplysningar i matrikkelen.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.