§ 7-4Plikt til å melde frå til barnevernet#
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphalda. når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssviktb. når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet for behandling eller opplæringc. når eit barn set utviklinga si i alvorleg fare i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller andre utprega skadelege handlingard. når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandelAlle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysninger etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.