§ 2-1Godkjenning av skolar#
Departementet kan godkjenne private skolar og driftsendringar ved godkjende private skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Ein skole skal ikkje få godkjenning dersom etableringa vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skoletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skolen ikkje bør godkjennast. Vertskommunen eller vertsfylket skal få høve til å gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og dei kan klage på departementet sitt vedtak. Departementet skal leggje vesentleg vekt på fråsegna til vertskommunen eller vertsfylket. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:a. livssynb. anerkjend pedagogisk retningc. internasjonaltd. særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrette. norsk grunnskoleopplæring i utlandetf. særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behovg. vidaregåande opplæring i tradisjonshandverksfag.For å få godkjenning på grunnlag av livssyn etter andre ledd bokstav a skal skolen ha ei tilknyting til livssynet det blir søkt om godkjenning på grunnlag av.Med særskild tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett etter andre ledd bokstav d, er det i denne samanhengen meint årstimetalet for utdanningsprogram idrettsfag eller årstimetalet for utdanningsprogram studiespesialisering med tillegg av 140 årstimar toppidrett på vidaregåande trinn 1. Toppidrett på første årstrinn i vidaregåande opplæring kan vere programfaget toppidrett eller toppidrett etter eigen læreplan som er godkjend av departementet. Skolane må tilby toppidrett som eit programfag på vidaregåande trinn 2 og 3.Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk.Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.Krava i andre ledd om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skolar som var i drift innan utgangen av 2007. Departementet kan berre godkjenne nødvendige driftsendringar ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd.Departementet kan gi forskrift om fristar i samband med søknader om godkjenning av private skolar.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.