§ 7-8Om kva saker generalforsamlinga skal og kan behandle#
Generalforsamlinga kan ikkje gjere vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga, om ikkje alle andelseigarane i laget samtykkjer, og ikkje anna følgjer av særleg lovføresegn. At saka ikkje er nemnd i innkallinga, hindrar likevel ikkje at1. den ordinære generalforsamlinga avgjer saker som etter lova eller vedtektene skal takast opp på kvar ordinær generalforsamling,2. den ordinære generalforsamlinga avgjer krav om gransking som nemnd i § 7-14,3. det blir valt styremedlemmer der nokon står på val,4. det blir vedteke å kalle inn ny generalforsamling til å avgjere framlegg som er gjorde i møtet.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.