§ 7Behovsprøvd løyve for persontransport med fartøy i rute#
(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med luftputefartøy, eller med anna fartøy over 8 m lengde tilsvarande 4 bruttotonn må ha ruteløyve. § 4 andre ledd bokstav b og c og § 6 tredje ledd gjeld tilsvarande.(2) Det trengs likevel ikkje ruteløyve for:a. Transport mellom Noreg og andre land som tek med personar mellom stader i Noreg.b. Transport av inntil 12 personar, såframt det ikkje vert krevd passasjersertifikat etter lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven).
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.