§ 2#
Alle plikter å gje vedkomande departement dei opplysningane dette krev å få for å gjennomføre føresegnene i lova. Vert det kravt, plikter vedkomande å leggja fram rekneskapsmateriale, forretningspapir og andre dokument som departementet meiner har vekt for saka. Trengst det, kan departementet setja politiet til å granska slikt materiale.Når departementet har fastsett det, kan offentlege styresmakter som fastset eller krev inn skatt, avgift eller tollavgift, få løyve til å gjera seg kjende med dei opplysningar som vert gjevne etter denne lova.Så langt tenesteskyldnad ikkje er til hinder, skal alle teia med det dei fær kjennskap til i yrket sitt etter denne lova. Forvaltningsloven §§ 13 til 13 e og 13 g gjeld ikkje her.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.