§ 75Tilhøvet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane#
I klagesaker og i saker om endring av tilskot etter § 74 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre tilskot etter barnelova og forsytingstilskot til ektemake endå om ingen av partane krev det.Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har full tilskotsevne eller samla tilskotsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta eller oppfostringstilskot er fastsett etter lov 17. juli 1992 nr. 100 § 9-2, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av tilskota til barna. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring eller der tilskotsfuten av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld uavhengig av om tilskotspliktige har barn med same tilskotsmottakar eller fleire tilskotsmottakarar. Lova §§ 70 andre stykket og 74 første stykket gjeld tilsvarande. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om samla forholdsmessig fastsetjing av tilskot.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.