§ 73Indeksregulering av fostringstilskot#
Alle faste fostringstilskot til barn skal indeksregulerast etter reglane i denne paragrafen dersom ikkje anna er fastsett i avgjerda eller avtalen.Indeksreguleringa gjeld også for beløpet som er fastsett etter forskotteringsloven § 5 første stykket, med mindre Stortinget gjer vedtak om noko anna.Reguleringa er knytta til endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Tilskota skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Kvar regulering gjeld berre for tilskotsterminar som forfell i juni eller seinare.Tilskota skal regulerast med den prosentsats som konsumprisindeksen er endra med, rekna ut på næraste tidel. Tilskotssummen vert avrunda til næraste heile ti kroner.Tilskotsfuten reknar om tilskot som skal krevjast inn etter lova om innkrevjing av fostringstilskot.Departementet kan gje forskrifter om gjennomføring og utfylling av reglane i paragrafen her.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.