§ 44Reisekostnader ved samvær#
Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen sine kostnader til eiga reise når samværet skjer der barnet bur. Reglane i § 70 sjuande ledd gjeld så langt dei høver.Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til arbeids- og velferdsetaten. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til arbeids- og velferdsetaten jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 63 gjeld tilsvarande. Arbeids- og velferdsetaten sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg.Når begge foreldra ber om det, kan arbeids- og velferdsetaten fastsetje at ei skriftleg avtale om deling av reisekostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.