§ 1#
Etter reglane i denne lova kan personar som ved innkallinga har fylt 18 år og er busette og oppheld seg i Danmark, Finland, Island eller Sverige, påleggast å møte som vitne her i landet for dei vanlege domstolane og jordskifterettane.Innkalling kan berre skje når det har mykje å seia at vitnet forklarar seg her i landet og forklaringa må reknast å vera viktig for saka. Ved vurderinga skal det takast omsyn til den vekt saka har og om innkallinga vil vera mykje ulagleg for vitnet. Innkalling til annan domstol enn den dømande kan berre skje når særleg sterke grunnar talar for det.Reglane i straffeprosesslova og tvisteloven om innkalling og avhøyr av vitne gjeld tilsvarande, når ikkje anna følgjer av denne lova.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.