§ 14#
Rett til beite, slått eller mosetak må ikkje for lengre tid enn 25 år eller manns og kones levetid heftast på barskog eller skog av eik, ask, alm eller bøk. Det same gjeld mark som høver best til slik skog. For skoglaus mark gjeld dette likevel berre så langt marka er rekna for skogmark etter skogbrukslova § 2.Rett til å beita med geit må ikkje heftast på skog eller mark som nemnt.Om eit område som skal påheftast rett til beite, slått eller mosetak, går inn under føresegnene i første eller andre stykket, kan eigaren få bindande avgjort føreåt av skogoppsynet.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.