§ 1#
Etter denne lova kan det vinnast hevd på eigedomsrett eller bruksrett til ting.Med ting er meint fast eigedom, lausøyre og rettsgilde verdepapir. Med verdepapir er meint omsetningsgjeldsbrev og dermed likestilte dokument og omsetningspapir som representerer retten til ein part i eit selskap.Likt med bruksrett er rekna handpantrett.Det kan ikkje vinnast hevd til lausøyre som har arkeologisk, forhistorisk, historisk, litterær, kunstnarisk eller vitskapleg verde, og som er teke frå nokona. ved tjuveri, brukstjuveri, ran eller anna vald eller trugsmål om vald, ellerb. ved at lausøyret er ulovleg utgrave, eller halde attende ulovleg i samband med ei lovleg utgraving.Det kan heller ikkje vinnast hevd til lausøyre som vert omfatta av lov om godtroerverv av løsøre 2. juni 1978 nr. 37 § 2 nr. 2.I avtale med framand stat kan det gjerast unntak frå føresegnene i lova her.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.