§ 11Skjønn ved tiltreding og fråtreding#
Det skal haldast skjønn til opplysning om kva tilstand eigedomen er i både når forpaktinga blir tiltrådt og når ho blir fratrådt.Har partane ikkje avtala noko anna, blir skjønnet halde av eit utval på tre medlemer som blir valt av kommunestyret. Skjønn som blir halde av dette utvalet, kan klagast til statsforvaltaren.Tiltredingsskjønnet bør ikke haldast tidlegare enn seks månader før, eller seinare enn tre månader etter tiltredinga, og fråtredingsskjønnet ikkje tidlegare enn seks månader før, eller seinare enn tre månader etter fråtredinga. Skjønnsmedlemene bør så langt råd er vere dei same ved dei to skjønna.Kommunen kan samtykke i at skjønn ikkje blir halde når det finst fullnøgjande opplysningar om den tilstand eigedomen er i. Det same gjeld når eigedomen er av lite verd eller kommunen av andre grunner finn at skjønn ikkje er nødvendig.Blir det ikkje halde skjønn over eigedomen, gjeld føresegnene ovanfor tilsvarande for takst som nemnt i § 12, tredje leden.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.