§ 17#
Avgjerdene jordskifteretten tek er tvangsgrunnlag på same måte som orskurder. Klagen har ikkje utsetjande verknad om ikkje jordskifteretten vedtek noko anna. Føresegna i tvisteloven § 19-13 tredje og fjerde stykket gjeld tilsvarande.Når den eine grannen ikkje oppfyller gjerdehaldsskyldnaden, kan namsfuten lata den andre få fullmakt til å setja arbeidet i verk på den fyrstnemnde sin kostnad. Har kravet ikkje tvangskraft, skal namsfuten gjeva grannen høve til å seia si meining før namsfuten tek avgjerd. Er det ikkje tvangsgrunnlag frå før, kan tvist om kostnadsspørsmålet avgjerast av jordskifteretten når arbeidet er gjort.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.