§ 5#
Kongen kan lata eit departement få fullmakt til å gjera vedtak om eller gjeva samtykke til oreigningsinngrep. Når serlege grunnar er for det kan jamvel anna undergjeve sentralt styringsorgan få slik fullmakt. Vidare kan statsforvaltaren få fullmakt til å gjeva samtykke til oreigningsinngrep.Klage over vedtak som er gjort etter fullmakt etter første leden har utsetjande verknad, om ikkje underinstansen eller overinstansen gjer vedtak om noko anna. Slikt vedtak kan berre gjerast i serlege høve om det kjem til å føra til urimeleg hefte om klaga skulle ha utsetjande verknad.I vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep kan Kongen, eller styringsorgan med fullmakt etter fyrste leden, overlata til skjønet å taka avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, eller kva omfang det skal ha.I heimel etter fyrste eller tredje leden kan det gjevast reglar om korleis heimelen skal nyttast.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.