§ 22#
Vederlag for oreigningsinngrep som ikkje er tidsavgrensa, skal verta sett til ein sum pengar ein gong for alltid. I andre høve kan skjønet setja vederlaget anten til ein eingongssum eller til ein sum for året eller noko til ein eingongssum og noko til ein sum for året.Kvar annan saksøkjar enn staten skal gjeva den trygd skjønet fastset, for at årleg vederlag vert rett oppgjort. Eigedomen som det gjeld, er dertil pant for vederlaget. Når skjønnet er endeleg, skal skjønsstyraren tinglyse opplysning om vederlagsskyldnaden og panteretten. Saksøkjaren ber tinglysingskostnaden.Skyldnad til å svara årleg vederlag varer til utgangen av det året då inngrepet fell bort.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.