§ 12#
Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – avgjer saka, når ho er klårlagd best råd er. Vedkjem saka ting som høyrer under statsforvaltaren, helse- og sosialstyret, samferdslenemnda eller andre sakkunnige organ, skal dei til vanleg få høve til å seia si meining. Vedkjem ho kommunal bate skal herads- eller bystyret høyrast.Partane kan verta oppmoda om å freista få til ei minneleg semje; og kvar ein som inngrepet råkar, skal få høve til å seia si meining. Skulle det henda at vansken med å nå kvar einskild vert urimeleg stor, er det nok at dokumenta vert utlagde til gjennomsyn på ein høveleg stad i den krinsen saka høyrer heime, og at alle ho kjem ved, vert oppmana til å koma fram med det dei har å seia, innan ein viss frist, som ikkje må vera stuttare enn 6 veker. Kunngjering om at dokumenta er utlagde, skal setjast inn i Norsk Lysingsblad og minst to blad som er mykje lesne i krinsen. Fristen vert rekna frå den dagen kunngjeringa står i Norsk Lysingsblad.Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep skal grunngjevast etter reglane i § 24 første leden i forvaltningslova.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.