§ 7#
Det som er att av salssummen når kostnaden og vederlaget til kravshavaren er frådrege, skal straks utreidast til den som tinga arbeidet, om det ikkje vert betalt til noken som har betre rett til pengane. Er tilskrifta åt tingaren ikkje kjend, eller er det tvil om kven som har retten til pengane, skal dei deponerast i Noregs Bank etter §§ 1 til 4 i lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve. Pengane går til statskassa, så framt dei ikkje er utreidde innan 3 år etter dei vart deponerte, eller så framt det ikkje er reist sak om retten til dei innan den nemnde fristen.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.