Skolen skal ha eit system for føring av karakterar og fråvær.Fråvær, halvårsvurdering med karakterar og sluttvurdering med karakter skal førast inn i det systemet som skolen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i oppførsel. Karakterane er fastsette når dei er førte inn.Skolen skal rette og attestere føringsfeil.Elevar som er fritatt for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-2 tredje ledd, jf. privatskolelova § 3-3, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.Skolen skal dokumentere fråvær kvart halvår. Dersom eleven er hos skolehelsetenesta, skal det ikkje bli rekna som fråvær frå opplæringa etter kapittel 6 i denne forskrifta.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.