§ 9-48Fag- og sveinebrev og praksisbrev i vidaregåande opplæring#
Fag- og sveinebrev skal givast som dokumentasjon på bestått fag- og sveineprøve i vidaregåande opplæring. Praksisbrev skal givast som dokumentasjon på bestått praksisbrevprøve.Det er berre dei som har bestått alle relevante fag og eksamenar, som kan få fag- og sveinebrev og praksisbrev. Dette kravet gjeld likevel ikkje fora. dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9b. dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10c. dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23d. dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49e. dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40f. dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk.Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb treng ikkje fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.