§ 2-2Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn#
I organiseringa av retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd, kan kommunen ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.Retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.Kommunen kan krevje betaling for kost.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.