Contents
§ 1#
Den norske kyrkja skal ikkje balanseføre pensjonsplikter som er forsikra. Pensjonspremien skal reknast som pensjonskostnad.
§ 2#
Pensjonspliktene skal gå fram av note til rekneskapen. Noten skal gje all relevant informasjon om grunnlaget og føresetnadene for pensjonspliktene og for endringar i desse, og basere seg på dei spesifikasjonskrava som følgjer av Norsk Rekneskapsstandard 6 om pensjonskostnader. Departementet kan stille nærare krav til rekneskapsinformasjonen.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.