§ 3Det økonomiske ansvaret til samanslutninga#
Samanslutninga sitt ansvar for å dekkje utgifter trer i kraft frå det tidspunktet departementet bestemmer, og er avgrensa til dei økonomiske pliktene som følgjer av denne forskrifta.Samanslutninga sitt ansvar for å dekkje utgifter etter akvakulturloven § 13a er avgrensa til utgifter som følgjer av tiltak pålagde av styresmaktene etter denne forskrifta og dei tiltaka som samanslutninga sjølv vedtek å setje i verk. Denne forskrifta gir ikkje private partar rett til å få erstatta andre kostnader, inntektstap eller liknande enn dei som følgjer av vedtak gjort av samanslutninga.Samanslutninga skal dekkje utgifter til å gjennomføre planar om tiltak etter § 2 første ledd.Samanslutninga skal i rimeleg omfang dekkje utgifter som Fiskeridirektoratet har hatt for å fastslå kven som eig den rømte oppdrettsfisken.Samanslutninga skal dekkje utgifter Fiskeridirektoratet har til tiltak i dei høva ein ikkje med overvekt av sannsyn kan identifisere kjeldene til den rømte fisken. Dette gjeld i sjø og alle elver, uavhengig av kva for elver som blir dekt av styresmaktene sine overvakingsprogram.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.