(1) Produktfråsegn som nemnt i kassasystemlova § 5 skal leverast elektronisk.(2) Det skal ikkje leverast meir enn ei produktfråsegn for same versjon av kassasystemet. Dersom ein utanlandsk produsent ikkje sjølv leverer produktfråsegn, skal alle importørar av kassasystemet levere kvar si produktfråsegn med unik versjonsidentifikasjon.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.