§ 3Generelle vilkår#
Tilskot etter denne forskrifta kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret og som driv vanleg jordbruksproduksjon. Etter § 7 kan tilskotet i staden gjevast til attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn etter avdød jordbrukar.Den personen som det vert søkt tilskot for må ha hatt næringsinntekt frå jordbruk, gartneri mv. frå føretaket i dei to siste inntektsåra som vedkomande har fått skatteoppgjer for per 1. januar i det året avløysinga finn stad. Dersom personen ikkje er innehavar må inntekta ha vore minimum ½ G i gjennomsnitt per år. For nye innehavarar som per 1. januar enno ikkje har fått skatteoppgjer for dei to fyrste åra etter oppstart krevst i staden at jordbruks- eller gartneridrifta i føretaket er egna til å gje dei positiv næringsinntekt over tid.Tilskotet kan gjevast til dekking av dokumenterte utgifter til avløysing.Som avløysing reknast ikkje arbeid utført av person som1. har næringsinntekt frå føretaket eller nokon av føretaka i driftsfellesskapet,2. er ektefelle eller sambuar til nokon som har næringsinntekt frå føretaket eller føretaka i driftsfellesskapet, eller3. er under 15 år.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.