Nærings- og fiskeridepartementet nemner opp ein kontrollør for kvart fiskesalslag. Departementet kan fastsetje at same kontrollør nemnast opp for fleire fiskesalslag. Departementet fastset perioden for vervet i samband med oppnemning av kontrolløren.Den som vert oppnemnd som kontrollør skal vere uavhengig i høve til salslaget, eigarar, tilsette eller tillitsvalde i salslaget slik at objektivitet og tillit til kontrolløren ikkje vert svekka. Kontrolløren skal ha relevant kompetanse og erfaring.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.