§ 2Utrekning av godkjente buutgifter#
Ved utrekning av godkjente buutgifter inngår:a. Husleige for leigde bustaderb. Felleskostnader og utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden for bustader i burettslag, eigarseksjonssameige, aksjeleilegheiter og obligasjonsleilegheiterc. For andre bustader er godkjente buutgifter1. driftsutgifter med kr 15 262 per år2. utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden3. utgifter til kommunale avgifter som er fastsett på grunnlag av innhenta opplysningar om gjennomsnittet frå kvar kommune4. eigedomsskatt5. festeavgift.d. For dei som ikkje betalar for oppvarming heilt eller delvis gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 7 631 per år.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.