Ved inndraging som følgje av fangst utover kvote eller andre brot skal ein gi vederlag for omkostningar ved ilandføring dersom meirfangsten eller den ulovlege fangsten ikkje var tilsikta.Vederlaget skal setjast til 20 % av verdien av meirfangsten eller den ulovlege fangsten.Første og andre ledd gjeld likevel ikkje ved inndraging av fangst utover kvote av brisling, lodde, makrell, hestemakrell, kolmule, norsk vårgytande sild, nordsjøsild, tobis, augepål eller kongekrabbe etter havressurslova § 12, § 13 og § 14.Ved berekning av verdien som skal inndragast, benyttes gjennomsnittleg pris som er oppnådd for vedkomne art (fiskeslag) i dei leveransane som er omfatta av inndraginga.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.