Salslaget som har ansvaret for omsetning i første hand av den aktuelle arten i det området der fartøyet er registrert, gjer vedtak om inndraging av fangst utover kvote, jf. havressurslova § 12, § 13 og § 14.Salslaget som førstehandsomsetninga av fangsten som blir inndregen er lagt til, gjer vedtak om inndraging ava. ulovleg bifangst,b. fangst hausta i fredingstid etter forskrift 22. desember 2004 nr. 1878 om utøvelse av fisket i sjøen kap. VI,c. fangst hausta i strid med havressurslova § 23, ogd. fangst utover turkvote jf. deltakerloven § 27,e. fangst som er hausta eller omsett i førstehand i strid med føresegner etter fiskesalslagslova jf. fiskesalslagslova § 21,f. ulovleg fangst av kveite under minstemål.Fiskeridirektoratet gjer vedtak om inndraging som følgje av andre brot på havressurslova og deltakerloven enn dei nemnte i første og andre ledd, og kan i tillegg gjere vedtak om inndraging etter brot som nemnt i andre ledd.Klagesakeininga i Fiskeridirektoratet er klageinstans for vedtak etter første ledd, andre ledd bokstav a) til d) og tredje ledd. Departementet er klageinstans for vedtak etter andre ledd bokstav e).
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.