§ 6Unntak frå vilkåra for å stå på blad B i manntalet#
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 4 for personar som mellombels ikkje oppfyller dei på grunn av omsorgsplikter eller andre særlege forhold.Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 6 for administrerande fiskebåtreiarar og for personar som på grunn av tillitsverv er hindra frå å drive fiske eller fangst i same omfang som tidlegare. Det er eit vilkår at vedkomande har vore registrert på blad B i føregåande år eller oppfyller vilkåret for tidsavgrensa ervervsløyve i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) § 7 andre ledd.Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 4–nr. 6 for personar som har fylt 60 år eller tek imot uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller lågare, og som har vore registrert på blad B dei siste 10 åra. Det er eit vilkår at personen på årsbasis har ei inntekt som minst svarer til 50 000 kroner.Personar som står på blad B skal, utan omsyn til vilkåra i § 5 nr. 3–nr. 4 og nr. 6, bli ståande på blad B mens dei er gravide og fram til utgangen av det andre kalenderåret etter fødselen. Det same gjeld mens dei er i foreldrepermisjon, har omsorg for barn med langvarig sjukdom, eller er i vernepliktig førstegongsteneste.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.