Offentleglova gjeld ikkje for desse rettssubjekta:a. Norges sjømatråd ASb. SIVA Eigedom Holding ASc. Gassco ASd. NRK Aktivum ASe. Petoro ASf. Posten Noreg ASg. Statkraft SFh. Norsk Tipping ASi. Stiftelsen Norsk Rikstoto.Offentleglova gjeld heller ikkje for:a. sjølvstendige rettssubjekt utan fast tilsette i administrativ stillingb. sjølvstendige rettssubjekt som utelukkande har til oppgåve å vareta medlemmene sine interesser som arbeidsgivar eller liknande (interesseorganisasjonar).Offentleglova gjeld ikkje for desse dokumenta hos sjølvstendige rettssubjekt:Bokstavane e, h og k gjeld ikkje for positive avgjerder.a. dokument som gjeld kunstnarleg og fagleg programmering og planlegging av repertoar i kulturinstitusjonarb. dokument knytte til formuesforvaltning hos rettssubjekt som har slik forvaltning som føremålc. dokument hos arbeidsmarknadsføretak godkjent av Arbeids- og velferdsetaten (NAV) som gjeld enkeltpersonar som får bistand frå føretaketd. dokument knytte til sak om kommersiell utnytting av forskingsresultat og sak om bidrags- eller oppdragsforsking i rettssubjekt innanfor universitets- og høgskulesektorene. dokument i sak om søknad om finansiering hos Enova SFf. dokument knytte til forvaltning av statens interesser i CO2 -handteringsprosjekt hos Gassnova SFg. dokument i sak om søknad om finansiering hos Innovasjon Noreg, med unntak for positive avgjerder, og dokument knytte til Innovasjon Noregs eksportfremmande verksemd og rådgivingsverksemd overfor idéskaparar og oppfinnararh. dokument i saker om finansiering og investering hos Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (NORFUND)i. dokument hos NRK AS som er knytte til redaksjons- og programverksemda i selskapetj. dokument hos Statnett SF som kan påverke prisane på kraftmarknaden, inntil opplysningane som går fram av dokumenta er offentleggjorde gjennom formelle kanalar, og dokument hos Statnett SF knytte til internasjonale samarbeidsforhold og kommersielle prosjekt som Statnett SF tek del ik. dokument i sak om registrering av domenenamn hos UNINETT Norid ASl. korrespondanse mellom NSB AS og dotterselskap av dette selskapet, samt mellom NSB AS og kundar av selskapet.Bokstavane e, h og k gjeld ikkje for positive avgjerder.Paragrafen her gjeld ikkje i saker der eit sjølvstendig rettssubjekt gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. Føresegnene i offentleglova § 6, § 7 andre ledd, § 8 tredje ledd andre punktum, fjerde ledd og femte ledd og § 30 fyrste ledd tredje punktum og andre ledd gjeld uavhengig av paragrafen her for alle verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.