Contents
§ 1Virkeområde mv.#
Forskrifta gjeld personell som utfører oppgåver som gjeld tryggleiken ved jernbane, medrekna sporveg, tunnelbane og forstadsbane, mv.Med personell meinast personar som gjer teneste for jernbaneverksemda.Jernbane omfattar også kabelbane i forskrifta her.
§ 2Personell ved jernbane som er omfatta av promillegrense og fråhaldsplikt mv. i jernbanelova#
Personell som utfører følgjande oppgåver ved jernbane er omfatta av krava i jernbanelova § 3a og § 3b:a. utfører trafikkstyringb. utfører funksjonar knytte til drift av kabelbanerc. fører rullande materielld. utfører eller leier skiftinge. utfører trafikktryggingsoppgåver om bord i tog, medrekna beredskapsoppgåverf. har ansvaret for tryggleiken ved arbeid og aktivitetar i og ved sporg. vurderer tilstanden til rullande materiell i operativ drift og dei tekniske funksjonane til køyrevegen med omsyn til trafikktryggleiken.
§ 3Plikter for den som driv jernbaneverksemd#
Den som driv jernbaneverksemd plikter å informere personell som utfører arbeidsoppgåver som nemnte i § 2 om krava i forskrifta her. Dette fråtek ikkje personell som er nemnte i § 2, ansvaret for sjølve å kjenne reglane som gjeld for utføringa av oppgåvene.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.