§ 12Endring og automatisk justering av tilskot#
Ved fastsetjing av tilskot som tidlegare er fastsett av tilskotsfut, statsforvaltar, domstol eller i avtale, skal det gjeldande tilskotet berre endrast dersom reglane i denne forskrifta vil føre til ei endring på meir enn 12 prosent.Underhaldskostnaden og samværsfrådraget blir automatisk regulert når barnet går over til ei ny aldersgruppe. Dette gjeld likevel ikkje der tilskotet er fastsett etter § 10 eller § 11 i denne forskrifta, eller der ein av partane bur i utlandet. Justeringa blir gjort samstundes med at grunnlagstala i vedlegget til denne forskrifta blir endra.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.