§ 7Ufråvikelege vilkår#
Havbeiteløyve kan berre gjevast dersomSjølv om løyve kan vere i strid med bokstav d) kan løyve gjevast dersom det ligg føre samtykke frå vedkommande plan- eller vernestyresmakt.a. Det er miljømessig forsvarlegb. Det er gjort ei veging av arealinteresser, med særleg vekt på1. søkars behov for areal til planlagt akvakulturverksemd,2. alternativ bruk av området til annan verksemd,3. annan bruk av området til annan akvakultur,4. verneinteresser som ikkje er omfatta av bokstav d, her medrekna vedtak om vern etter lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet;c. det er gjeve dei løyve som vert kravd etter1. lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv.,2. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall,3. lov 21. juni 2019 nr. 70 om havner og farvann, og4. lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann, ogd. det ikkje er i strid med1. vedtekne arealplanar etter plan- og bygningsloven 27. juni 2008 nr. 71,2. vedtekne vernetiltak etter lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold, eller3. vedtekne vernetiltak etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner.Sjølv om løyve kan vere i strid med bokstav d) kan løyve gjevast dersom det ligg føre samtykke frå vedkommande plan- eller vernestyresmakt.Fylkeskommunen skal konsultere Havforskningsinstituttet om råd etter fyrste ledd bokstav a). Havforskningsinstituttet skal som minimum gi råd om det er økologisk forsvarleg å drive havbeite på den omsøkte lokaliteten.Av omsyn til miljøet og biologien til artene skal fylkeskommunane ikkje tildele løyve til etablering nord for Vestfjorden og ikkje løyve til havbeite med stort kamskjell frå Hå kommune i Rogaland sin sørgrense til svenskegrensen.Løyve kan berre gjevast til utsett av havbeitedyr som er stadeigne.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.