Contents
- § 1 Denne forskrifta gir gjennomføringsreglar for rådsdirektiv…
- § 2 Denne forskrifta skal nyttast på nettdrivne kombinerte hus…
- § 3 Dei obligatoriske opplysningane som er fastsette i denne f…
- § 4 Dei utrykka som er nytta i denne forskrifta skal, bortsett…
- § 5 Det tekniske dokumentasjonsmaterialet som er nemnt i § 8 i…
- § 6 Etiketten som er nemnd i § 6 i forskrift av 10. januar 199…
- § 7 Innhaldet og formatet til opplysningsskjemaet som er nemnt…
- § 8 Dersom eit apparat vert bode fram for sal, leige eller kjø…
- § 9 Klassifiseringa av eit apparat etter energieffektivitet og…
- § 10 Olje- og energidepartementet fastset kven som skal føre ti…
- § 11 Denne forskrifta trer i kraft straks.
§ 1#
Denne forskrifta gir gjennomføringsreglar for rådsdirektiv 92/75/EØF med omsyn til energimerking av kombinerte hushaldsvaskemaskiner og tørketromlar, jf. forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger.
§ 2#
Denne forskrifta skal nyttast på nettdrivne kombinerte hushaldsvaskemaskiner og tørketromlar. Apparat som òg kan drivast med andre energikjelder, er ikkje omfatta av denne forskrifta.
§ 3#
Dei obligatoriske opplysningane som er fastsette i denne forskrifta, skal arbeidast ut etter målemetodane i harmoniserte standardar som det er offentleggjort tilvisingsnummer for i Tidend for Dei europeiske fellesskapa. Føresegner i denne forskrifta som krev opplysningar om støy, skal gjelde berre dersom slike opplysningar er påkravde etter artikkel 3 i rådsdirektiv 86/594/EØF. Dersom det er naudsynt, skal opplysningane arbeidast ut i samsvar med føresegnene i det førnemnde direktivet.
§ 4#
Dei utrykka som er nytta i denne forskrifta skal, bortsett frå i tilfelle der samanhengen krev ei anna tyding, ha same tydinga som i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger.
§ 5#
Det tekniske dokumentasjonsmaterialet som er nemnt i § 8 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal omfatte:- namnet og adressa til leverandøren,- ein generell omtale av apparatet som gjer det mogleg å identifisere det på ein eintydig måte,- opplysningar, eventuelt med teikningar, om dei viktigaste konstruksjonskjenneteikna ved modellen, særleg om eigenskapar som har ein klår innverknad på energiforbruket,- rapportar om prøvingar og målingar som er gjorde etter prøvemetodane i dei harmoniserte standardene som er nemnde i § 3 i denne forskrifta,- eventuell bruksrettleiing.
§ 6#
Etiketten som er nemnd i § 6 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal vere utforma som vist i vedlegg I1 til denne forskrifta. Etiketten skal plasserast utvendig på framsida eller oversida av apparatet, slik at han er godt synleg og ikkje vert dekt til.
§ 7#
Innhaldet og formatet til opplysningsskjemaet som er nemnt i § 6 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal vere i samsvar med vedlegg II1 til denne forskrifta.
§ 8#
Dersom eit apparat vert bode fram for sal, leige eller kjøp på avbetaling på dei vilkåra som er fastsette i § 14 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, og ved hjelp av ei trykksak, til dømes ein postordrekatalog, skal trykksaka innehalde alle dei opplysningane som er gjevne i vedlegg III1 til denne forskrifta.
§ 9#
Klassifiseringa av eit apparat etter energieffektivitet og vaskeevne skal fastsetjast i samsvar med vedlegg IV.1
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.