§ 2Oppløysingssal#
Når det ikkje ligg føre dom eller anna tvangsgrunnlag for oppløysing, skal krav om oppløysingssal setjast fram for retten, som gir dei andre sameigarane melding om kravet.I meldinga skal rettena. oppmode sameigarane til å seie si meining om kravet og i tilfelle uttale seg om opplysningane i kravskrivet;b. gjere kjent at kravet skal fullførast etter avgjerd (ordskurd) av retten, dersom det ikkje vert tatt til motmæle eller dersom motmælet klårt er grunnlaust (sameigelova § 15 tredje stykket);c. setje slik frist for motmæle som retten etter tilhøva finn rimelig.Kvar sameigar skal ha melding om retten si avgjerd (ordskurd) med opplysning om at ho kan ankast.
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.